Båt er livet!

Kåseri av Ludvig Olden.
Som æ fortalte fer ei tid sea, så kjøpt æ båt. Men ette mykji bal så sælt æ'n fer to pakka tobakk. Æ tenkt æ mått omset'n te nå som æ ha bruk fer.
Dermed satt æ med påhengsmotor uten båt, men pr. annonse i Fosnafolket vart det ein ny, - av plast.



No kom ei tid da æ fekk erfare kor regulert Norge e. Ha du regisrtert båten? spurt dem mæ. Registrert? Må æ det da? Ja det e påbudt. Æ for åt lensmanj slik dem sa. Skjema i tre eksemplar. Herremin kor alt e spørsmål! Båttype, lengde, byggeår, byggenummer, motortype, størrelse, fabrikknr. alder! Æ sto bom fast og mått ut fer å samle opplysninga og prøv på nytt.
Så kom fagfolka'n igjen: Du må fersekre'n, sa dem. Heldigvis va fersekringsselskape lutter øre. Dem ha datamaskin og vesst ka vei penga'n skoill trille.

Men, -æ konj itj bærre sett båten ut på sjø'n. Æ mått ha tjøre og bett'n fast. "Fortøye", sa hamn-gjengen. Det heite å "fortøye" eller "belegg". Du må ha "utfar". "Utfar"?. Æ va lærar og ha hørt bære om utfarten frå Egypt, (Israelsfolket)
Fagfolka'n neri hamna tegna og ferklart om kausa, sjakl, karabinkrok og spleising te æ byn't å lur på om æ va dom.
Hamnestyre va næste, -formanj der.
Æ rengt formannskapet og fekk vætta ka'n heitt. Vi kanj kal'n fer A. Hanj A va i Oslo fer tia. Kem vikariere? Ingen, -prøv teknisk etat! Æ prøvd.
Deteikke A som e formanj. Han slutta ferdi ei sak gjekk så tregt. Nå fungerer B, men han er ikke å treffe i dag. Du kan prøve C.
C ha fri denj da'n!
No va æ komme i ein slik sinnstilstand at æ heilt på å få sympati fer hanj Carl I. Hagen og has kamp mot byråkrater, som'n sei. Æ vart arg og rengt'n C privat. Hanj hadde egentlig ikke noe med slike saker, sa'n. Da va det nere på at æ bantjes i telefo'n.
"Sei mæ", sa æ, "e det meininga at æ ska ta mæ te-rettes neri hamna, slik at de kan ta mæ på fersk gjerning"? "Du må sende inn søknad", sa'n. Da la-eg-på røret. etterpå snakka eg så støgt at eg fekk påtale av kona. "Æ skjønne hanj Carl I. Hagen", sa æ. Kona såg engstelig på meg: Sei meg, e du klein. Du held da med Arbeiderpartiet du?

Æ søkt, -venta. Så va det synfaring og, - æ trudd det nesten itj. Den første september låg vidunderet vakkert fortøydd og duva i småbåra'n.
No vart det folj innsats med førebuing te sjøtur. Ein mått nesten tru vi skollj værra-me i lofotfesket, - snøra og snella, vabein og pelka, kaffe og smågodt, taug, pumpe og årer (i tilfelle)

Så satt vi utpå sjøen bortmed Brettingen. Det va reint så trivelig. Vi fekk te og med to makrella, Da va det nesten så vi sång "Sjølivet det er en fornøyelig stand"

Så kom sør-vesten. Båten verka plutselig så ubegripelig liten. Som båtfører oppdaga æ fort at det mangla vinduspussar. Utsekten va minimal. Æ kom te å gløtt på kona som satt ve sida av meg. Hu va likbleik og hu holdt seg fast med kvite knoka. Da eg kjent-ette vart eg klar over at eg holdt rattet like hardt som eg held armlæna'n i tannlegestol'n når æ e der. Det vart itj sagt eit steinsens ord før vi va på tørt land.
"Eg e ferdig med båt-tura'n" sa kona og det hørtes ut som a meint det. Da kom det tørt fra sønnen som var med som bestmann og ha sotte akterut under heimfarten: "Æ såg at de va litt stressa så eg sa itj noka om at påhengsmotor'n skoill te å dett i sjø'n. Eg fekk festa'n!" Da holdt eg på å sig i kne, -enda dokter'n sei eg har god hels.

De to makrella'n kosta meg omlag 7300 kr stykket, så foreløbig kjøpe eg feskmat på tilbud og har kaffekos i kjøkkenet.
Båten står inst innji garasjen!
Der har'n det kjempebra!


6/3-92
Ludvig Olden

© All kopiering og bruk uten fosenportalen/forfatterens tillatelse er forbudt.