Berre leik, - eit barndomsminne

Kåseri av Ludvig Olden

Hendingan frå barndommen fersvanj i gløymsla som alt anja. Men plutselig kan dem dukke fram, og vi finj ut at vi ha egentlig lært mykje av slike opplevinga tidlig i livet.

<--break->

Vi søskenan leika ofte. Vi krangla litt og konkurrerte. Eg huske at ein sommerkveld fekk broren min og eg sjå at katta leika seg storveies. Hu spratt og hoppa og slengte noka opp i lufta. Vi sprang bortover åt katta og såg at hu ha fanga ei mus som hu leika seg med. Musa va skada og blødd, men prøvd så godt hu kunne å komma seg inni eit kjerr, men katta va lynsnar med labben og spretta musa rundt oppi lufta og tok mot'a med anjer labben. Vi flira og va imponert, og vi ropa på søstren vårres slik at dem og kunne få sjå artigheita. Dem kom, men etter ei lita stund sette eine søstra mi i å storskrike,- hu hiksteskreik og ropa eit eller anja inji gråten. Foreldran' våres kom, og vi fanj ut at søstra mi ropa: "Stakkars lita mus, stakkars lita mus!"

Vi va heilt still og såg plutselig det samme som søstra vår: Det va ingen leik, men det va ein kamp fer livet! Musa brukt sine siste krefter i forsøket på å unnslippe katta. Og vi tenkte: Kanskje hadde musa et musebol og skulle heim til ungene sine, og no va hu iferd med å bli drept av katta!.
Vi tok omgående parti med musa og jagga katta,- men akk,- det va fer seint. Musa va nesten død og faren vårres måtte ta seg av den døende musa.

Vi sørga og laga gravøl, men aldri glømme eg orda som vart fremført i gråt: "Stakkars lita mus!"

Kanskje den skakk-kjørte jorda våres trøng fleire som synes synd i dem som har det ondt og itj berre leik og moro!

Brekstad 24/6-02
Ludvig Olden

© All kopiering og bruk uten fosenportalen/forfatterens tillatelse er forbudt.